Information, Return, and Reintegration of Iraqi nationals to Iraq (IRRINI) vart etablert av Utanriksdepartementet (UD) for tre år sidan. Programmet har som formål å få irakiske asylsøkjarar og irakarar med opphaldsløyve i Noreg til å reise heim frivilleg.

I evalueringa utført av Chr. Michelsens institutt, PRIO, universitetet i Duhok og Iraqi Research Foundation for Analysis and Development, kjem det fram at meir enn 50 prosent av dei returnerte oppgjev avslag på asylsøknaden som årsak til at dei valgte å reise tilbake. Dei ser omgrepet ”frivilleg retur” som misvisande. For dei er ”obligatorisk retur” eit meir dekkande omgrep.

Lite kunnskap om tilhøva heime
Dei fleste av dei returnerte irakarane meinte at dei hadde vore godt informerte om tilhøva i heimlandet før avreise. Likevel opplevde nesten 75 prosent av dei som hadde reist heim at tilhøva var annleis enn forventa. Medan dei som returnerte til Bagdad meinte at tilhøva var verre, opplevde mange av dei som reiste heim til Irakisk Kurdistan ei markert betring. Det påverkar kor varig returen er. Mange i Bagdad oppgav at dei ville reise derfrå, medan fleirtalet i Irakisk Kurdistan sa at dei mest sannsynleg ville bli verande.

International Organization for Migration (IOM) står for den konkrete gjennomføringa av programmet. Meir enn halvparten av dei returnerte irakarane er positive til støtta frå IOM, men med betydelege unntak og med stor regional variasjon. Fleirtalet av dei returnerte er svært nøgde med tilhøva kring returreisa og kontantstøtta dei mottek på flyplassen når dei kjem tilbake til Irak. Til trass for at beløpet er relativt lite, gjev det høve til ein verdig retur.

Tilrår endringar
Kontantstøtta er det enkelttiltaket som får mest positiv omtale. Forskarane rådar UD til å legge om modellen for reintegreringsstøtte til dei returnerte irakarane. Den noverande reintegreringspakken tilsvarer 25 000 kr. Ein kan velge mellom støtte til oppretting av eiga verksemd, arbeidsplassering eller vidare utdanning i Irak. I evalueringa vert det føreslått å erstatte dagens pakke med eit kontantbeløp på 25 000 kr, og tilbod om meir systematisk oppfølging og rådgjeving den første tida etter heimkomsten.

Endringar i modellen må også omfatte rådgjeving før avreise og tilbod om kurs som lettar prosessen med å finne arbeid eller etablere eiga verksemd.

Evalueringa konkluderer også med at IOM, som står for den konkrete gjennomføringa av programmet, bør redusere tidkrevjande byråkratiske prosessar og forbetre oppfølginga av dei returnerte.

Publications

CMI Report | 2011

Samandrag: Gjennomgang av programmet - Information, return and reintegration of Iraqi nationals to Iraq (IRRINI)

Arne Strand (2011)
Bergen: Chr. Michelsen Institute (CMI Report R 2011:4)
CMI Report | 2011

Between two societies: Review of the information, return and reintegration of Iraqi nationals to Iraq (IRRINI) programme

The Information, Return, and Reintegration of Iraqi Nationals to Iraq (IRRINI) programme was established in 2008 by the Norwegian Directorate of Immigration (UDI) to facilitate the voluntary return and reintegration of persons from...
Arne Strand, Synnøve Bendixsen, Erlend Paasche, Jessica Schultz (2011)
Bergen: Chr. Michelsen Institute (CMI Report R 2011:4) 125 p.

Project