Benedicte Bull si nyaste bok, Latin-Amerika i dag: Nye interesser og gamle bånd til USA, Kina, Russland, Midtøsten og Europa, er i handelen og engasjerer. I dette corona-produktet har Bull endeleg hatt tid til å setta seg ned og reflektera over eit langt og spanande forskarliv og trekka dei store linjene i forfattarskapet sitt. Resultatet er ei bok om Latin-Amerika som samstundes er både djup og lettbeint, retta mot eit breitt publikum.