Nato utfordringar
Ein liten reduksjon i det som i dag går til militært nærvære i Afghanistan kan gje store utslag på den sivile sida og ikkje minst i å utvikle eit betre styresett.
I SAMBAND MED NATO sitt utanriksministermøte (Oslo 26-27 april) kjem nødvendigvis diskusjon om militæret sin rolle i Afghanistan opp. NATO foreslår fleire styrkar og auka bruk av humanitære midlar og utviklingsprosjekt for å demme opp misnøya mot president Karzai si regjering og dei internasjonale styrkane. Dette er langt frå enkelt, og gjer nødvendigvis ikkje dei forventa resultata. Norsk erfaring frå Faryab provinsen gjer innsikt i kva utfordringar NATO og Noreg står overfor.
Noreg satsa sterkt i Afghanistan i 2006. 450 millionar kroner vart nytta på sivil gjenoppbygging og humanitære tiltak, og over 700 millionar på det militære nærværet. I Faryab-provinsen, utpeika som norsk satsingsområde, har eit norskleia Provincial Reconstruction Team medverka til framhald av ro og stabilitet. Fleire norske frivillige organisasjonar har etablert seg og norsk politi er i oppstartsfasen. Gitt politiske mål om ytterlegare opptrapping i humanitær og utviklingsretta innsats gjennomførde Norad i samarbeid med CMI (Chr. Michelsens Institutt) på oppdrag for UD ei risikovurdering. Ein survey utført i og rundt provinshovudstaden Maymane gav klare indikasjonar på kva utfordringane Noreg (og NATO) står overfor og kor sårbar freds- og tillitsbyggingsprosessen er.
FOR DET FØRSTE, heile 83 prosent av dei intervjua visste ikkje kva mandat dei utanlandske soldatane hadde, og 62 prosent visste ikkje kva nasjonalitet dei var. Mange trudde at dei norske soldatane enten var amerikanske eller danske. Kvinner var langt dårlegare orientert enn menn. Folk vurderte tryggleiken i Faryab som brukbar, men såg ikkje nødvendigvis at det var dei internasjonale styrkane som sikra den.
For det andre, fleirtalet hadde ingen eller liten tillit til den lokale guvernøren, politiet, justisvesenet og det statsapparatet Noreg har satt seg som mål å forbetre, og som dei i mellomtida nødvendigvis må samarbeida med. Tvert imot er desse viktige statsfunksjonane sett på som inkompetente, korrupte og undertrykkjande. Dei er av veldig mange vurdert som ein trussel mot tryggleik og rettar heller enn eit vern. Resultatet er at folk unngår kontakt med lokale styresmakter, dei tyr heller til lokale (mannlege) landsbyråd for å hindre og løyse konfliktar, som dei alltid har gjort.
For det tredje, undertrykkinga av og vold mot kvinner er massiv - både i heimen og utafor - og det i eit område der kvinner har ein langt friare og open rolle i samfunnet enn i storparten av Afghanistan. Bruken av landsbyråd for konfliktløysing tek i liten grad omsyn til kvinner sine interesser, dei vert ei handelsvare i forhandlingane.
For det fjerde, området er økonomisk og klimamessig sårbart. Heile 58 prosent oppgjer at inntekt og økonomisk tryggleik er basert på mannleg arbeidsvandring til Iran. Jordbruket, som tradisjonelt har vore hovudinntektskjelde, er ramma av tørke som også har medført dramatisk reduksjon av grunnvannstanden i område. Der er ikkje utstrakt dyrking av opium, men provinsen er ei viktig transittrute, og kontroll (eller ikkje) av veier og sjekkpostar er ei viktig inntektskjelde.
DET ER TYDLEG at militære verkemiddel og fleire eller betre utrusta soldatar ikkje er nok for å sikre fred, personleg tryggleik og utvikling i Faryab. Her trengst reform og styrking av statsfunksjonar, mentalitetsendring, informasjon og langsiktig tenking. Det norske militære har hatt ein positiv rolle i å sikre ein relativ stabilitet, men til ein høg økonomiske kostnad. Utfordringa er korleis den afghanske hæren og politiet skal kunne overta denne tryggings-rollen innan rimeleg tid, og på ein måte som skape lokal tillit. Det er difor eit overordna spørsmål som må stillast for det internasjonale nærværet i Afghanistan: kva aktørar har naudsynt kunnskap, tillit og innsikt i den afghanske konfliktdynamikken til å adressera desse utfordringane?
Ein ting er klart. Det er ikkje noko løysning å byggje alternative statsstrukturar når statsapparatet ikkje kan levere resultat. Oppbygging av milits og «auxilliary » ekstrapoliti og understøtting av enkeltpersonar fragmenterar ansvar, og kan verte kimen til nye konfliktar.
EIN ANNA FARE ligg no i at NATO, i sin strategiske redsle for å unngå militært og politisk tap i Afghanistan, i stadig større grad engasjerar seg i og prøve å kontrollera og koordinera sivil og humanitær assistanse og den politiske dagsordenen. Alt tilseier at militære aktørar verken har kunnskap eller nødvendig kompetanse til å drive eller delta i oppbygging av sivile statsinstitusjonar, eller koordinering av deira aktivitetar for den del. Å nytte det militære til å levere naudhjelp og drive utviklingsprosjekt er dessutan ei svært dyr løysning, og ein skal ikkje undervurdera den auka tryggingsrisikoen det kan skape for dei humanitære organisasjonane. Eit anna viktig argument i eit krigstrøytt og traumantisert samfunn er at gjenreisinga må framstå som ein sivil prosess. Der må vera eit klart skilje mellom militære og sivile aktørar, mellom dei med våpen og dei utan, dei folk skal få tillit til. Og, det må vere ein prosess som i langt større grad sikrar kvinneleg deltaking, her stiller også det militære med eit stort handikap.
Oppbygging av den afghanske hæren og politiet synleggjer ei rekke politiske og praktiske utfordringar. Det eine er at norske soldatar, politi og juristar lett vert assosiert med ei undertrykkjande statsmakt, ei makt som til no ikkje har makta eller ønskja å reformera seg. Det andre er at den norske sivile innsatsen lett vert assosiert med det militære nærværet om det ikkje vert etablert klare organisatoriske og fysiske skilje. Her trengst det kritisk distanse på alle nivå og open kritikk av det som ikkje fungerar, samstundes med at opplæring og handlingsendring vert prioritert for afghanske institusjonar. Det gode er at det her er samanfall mellom ønskje til den vanlege afghanarar og norske målsetjingar.
DERFOR ER SVARET at ansvaret for desse sivile oppgåvene må liggje til FN i samarbeid med den afghanske staten og deira institusjonar, understøtta av internasjonale og frivillige organisasjonar. Det er heller ikkje enkelt, gitt den avgrensa kapasiteten til FN og dei klare svakheitene statsadministrasjonen og det parlamentariske systemet har. Men det er her både tidsperspektiv og økonomisk fornuft kjem inn. Er ein samd i at der ikkje er ei einsidig militær løysning på konflikten må det sikrast eit heilt klart skilje mellom det militære og sivile engasjementet. Dessutan, ein liten reduksjon i det som i dag går til militært nærvære kan gje store utslag på den sivile sida og ikkje minst i å utvikle eit betre styresett.
Faryab-provinsen er relativt fredeleg samanlinka med sørlege deler av Afghanistan, men dei andre utfordringane er stort sett dei same, om ikkje større. Derfor er det all grunn til å leggje dei norske erfaringane til grunn for NATO-drøftingane dersom både Afghanistan og NATO skal kome seg utav det noverande uføret. Tre råd gitt av leiaren av provinsforsamlinga i Faryab vil også vera nyttige: 1) respekter vår religion, 2) sikr at støtte kjem dei fattige til gode og 3) sikr at folk er informert.