Elin Monstad (UiB), Per Selle (UiB), Felizia Sara-Skree (Bergen Sameforeining), Kai Grieg (FN-sambandet) og Elin Skaar (CMI)

I anledning Samefolkets dag måndag 6. februar, inviterer Center for Law and Social Transformation (LawTransform), Bergen sameforeining og Bergen Global til frukostseminar. Møtet vert arrangert fysisk i Bergen Global, Jekteviksbakken 31 (ingen streaming). Lett frukost vert servert.

Samtalen vil handle om arbeidet til den norske sannings- og forsoningskommisjonen som er i ferd med å jobba fram sluttrapporten som skal leverast til Stortinget 1. juni. Kommisjonen skal mellom anna ta eit oppgjer med fornorskingspolitikken retta mot samane og komma med framlegg til forsoning. Kva er forventningane til kommisjonen?  Kva saker i det samiske miljøet skapar rom og utfordringar for forsoning?

 

Panel:

Elin Monstad, PhD-kandidat ved Institutt for samanliknande politikk, Universitetet i Bergen

Per Selle, Professor ved Institutt for samanliknande politikk, Universitetet i Bergen

Felizia Sara-Skree, Bergen Sameforeining 

Kai Grieg, FN-sambandet

Samtalen vert leia av Elin Skaar, seniorforskar ved Chr. Michelsens Institutt