Kvinnelege revolusjonære i Sudan og Iran har fanga verdas merksemd dei siste åra. Alaa Salah vart ikonisk under revolusjonen i Sudan i 2019. Ho var langt frå den einaste, og kvinner leia demonstrasjonar over heile landet. Hausten 2022 utløyste Mahsa (Jina) Aminis dødsfall i politiets varetekt store protestar i Iran, og kvinner held fram med å høglytt krevje regimeendring.
Kva roller har kvinner spelt i demonstrasjonane i Sudan og Iran? Korleis balanserer dei religion og tradisjon med revolusjon? Og kva innverknad har faktorar som alder, etnisitet og klasse?
Panel:
Gilda Seddighi er seniorforskar ved NORCE. Ho har doktorgrad i kjønn og mediastudier, med forskarinteresser innan representasjonar av kjønn og konstruksjonar av identitet og opinion i digtale media og digitaliseringsprosessar.
Liv Tønnessen er seniorforskar ved CMI/Center on Law and Social Transformation. Ho er statsvitar med kjønn og politikk i Midtausten og Nord-Afrika som hovudfelt, og har spesialisert seg på sudansk politikk. Artikkelen Women, Revolution, and Backlash: Igniting Feminist Mobilization in Sudan ble publisert i februar 2023.
Anne Bang er professor i historie ved UiB. Ho har islamsk historie som hovudfelt, med særleg fokus på muslimske samfunn i Aust-Afrika og områda rundt Indiahavet.